|
|
|
|
|
Engevik Gaard |
| Engevik Gaard ved Sævareidfjorden er em militær sjefsgard. Tunet vart bygd av generalmajor Wilhelm
Segelcke, kommandant for Søndre Bergenshusiske Infanteriregiment. Tunet, som har 9
bygningar, skriv seg frå 1700-talet og gjev eit godt inntrykk av daglegliv og smaksstil hjå embetsstanden den gong Noreg var i union med Danmark.
|
Eidegrend Klyngetun fra 1800-talet |
| Klyngjetunet på Eide i Hålandsdalen viser korleis bondestanden bygde og levde på 1800-talet. Husa er bygde i
klyngje, tett saman, for å spara innmark, åker og eng. Tunet har fått fleire
kulturprisar.
|
HOLDHUS Kyrkje |
| På Holdbus ligg den gamle soknekyrkja for Hålandsdalen. Bygningen som no står er frå første halvdel av 1700-åra.
|
Dagstur i kulturkommunen |
Reiserute Velkomen til denne rundturen i Fusa kommune, der me vil presentera
nokre av dei mest besøkte kulturminna våre. Dei gjev eit inntrykk
av korleis folk har levd her i bygdene dei seinaste 2-300 åra. Ei aktuell reiserute kan vera frå Bergen, via Nesttun til Os, med
ferje frå Hatvik til Venjaneset. Fin køyrer gjennom Fusa‑bygdene
til Eikelandsosen. Frå Eikelandsosen går turen til Eidégrend Klyngietun i Hålandsdalen.
Her er ein stor samling gamle gjenstander som er knytta til staden. To
brukarar budde i tunet, som før utskiftinga hadde 18 bygningar i alt.
Margunn Eide viser rundt. I "Andersstova" kan ein få servert
tradisjonsmat frå Hålandsdalen, dobbeltkake og kaffe. Turen går vidare til Holdhus gamle kyrkje. Bygningen er ei tømmerkyrkje
frå 1700-åra, og viser korleis kyrkjene såg ut her i distriktet
frå 1600 -talet då dei gamle stavkyrkjene frå mellomalderen vart
erstatta. Frå Holdhuskyrkja swartmar den eldste kjende lista over
kyrkjeinventar i landet, frå 1306. Klokkene er truleg dei same som er
nemnde i lista. Det er omvisar ved kyrkja. På vegen vidare til Engevik Gaard passerer ein Drageidkanalen,
som vart bygd på 1880-talet for å gjera elva mellom Skogseidvatnet
og Henangervatnet tryggare og lettare å ferdast på. Slik vart det også
lettare å få varer og tømmer til fjorden, og Kartongfabrikken i Sævareid
fekk jamnare vasstilførsel. Turen går langs Henangervatnet til Sævareid og Engevik Gaard.
Embetsgarden ligg vakkert til ved Sævareidflorden, og det er interessant
å samanlikna byggjeskikken her med klyngjetunet i Hålandsdalen.
Vertsfolka viser rundt, og ein kan få servert middag, eller ein lettare
servering etter ynskje. Engevik Gaard har og gårdsimatutsal med
eigenproduserte bakstekaker og flatbrød. På heimvegen køyrer me innom Holmefjord Lakseprodukt i Eikelandsosen, som er døme på ei viktig bygdenæring som er vakse fram dei siste åra. Verksemda har fått fleire prisar for gode produkt. Me legg opp turar etter kunden sine ynskje. For meir informasjon og bestilling av tunar, kontakt Engevik Gaard. Epost: Firmapost |
![]()
Utviklet av Firma Sigurd Martinessen IT-konsulent.
|